Sladda dokument
Redacting documents blocks out words or portions of a document for authorized use or viewing. Redaction protects sensitive information and helps enterprises and organizations to comply with regulations on confidentiality or privacy.
Korleis sladdinga verkar i LibreOffice?
Dokumentet vert eksportert til eit teiknedokument som kan redigerast i LibreOffice Draw. Den sladda teksten eller det sladda området vert fjerna frå dokumentet og erstatta med ei pikselblokk for å hindra alle forsøk på å kopiera eller gjenoppretta originaldokumentet. Det sladda dokumentet vert som oftast eksportert som PDF før det vert offentleggjort.
Under sladdinga er sladdeformene grå og gjennomsiktige slik at brukaren kan sjå kva som vert sladda.
Kjeldedokumentet (tekst, rekneark eller presentasjon) vert ikkje påverka av sladdinga og kan redigerast vidare.
Lagra og del dei usladda dokumentkopiane med andre anten i det redigerbare (teikning) formatet eller i det ordrette (PDF) formatet.
Verktøylinja for sladding
Verktøylinja for sladding inneheld fire verktøy
Rektangulær sladding vert brukt for å markera innhaldet som skal sladdast ved å teikna eit gjennomsiktig rektangel over innhaldet. Bruk handtaka for å endra storleiken på rektangelet.
Med Frihandssladding kan brukaren merka området som skal sladdast ved å teikna linjer eller mangekantar på frihand over området.
Knappen for sladda eksport har to val:
-
Sladda eksport (svart): gjer ferdig dokumentet ved å omforma dei grå, gjennomsiktige sladdeformene til svart og eksportera som piksilisert PDF.
-
Sladda eksport (kvit): gjer ferdig dokumentet ved å omforma dei grå, gjennomsiktige sladdeformene til kvit og eksportera som piksilisert PDF.
Direkte eksport PDF: Lagar ein usladda versjon av dokumentet i PDF for å kunna dela ein ordrett versjon.