Laga og leggja til sidestilar

LibreOffice brukar sidestilar for å spesifisera oppsettet av ei side, for eksempel sideretning, bakgrunn, margar, topptekstar, botntekstar og tekstspalter. For å endra oppsettet på éi enkelt side i eit dokument, kan du laga og bruka ein tilpassa sidestil på sida.

Slik lagar du ein ny sidestil

  1. Vel Vis → Stilar.

  2. Trykk på knappen Sidestilar.

  3. Høgreklikk på eit element i lista over sidestilar og vel Ny.

  4. På fana Handsamar kan du skriva eit namn på sidestilen i feltet Namn.

  5. Gjer éin av desse:

  1. Bruk fanene i dialogvindauget for å setja vala for utsjånaden til sidestilen. Trykk deretter på OK.

Slik legg du til ein sidestil

  1. Trykk på den sida i dokumentet du vil bruka sidestilen på.

  2. Vel Vis → Stilar og trykk på ikonet Sidestil.

  3. Dobbeltklikk på eit namn på lista.

Slik legg du ein sidestil til ei side

  1. Trykk på den staden i dokumentet der du vil at den nye sida skal byrja.

  2. Vel Set inn → Fleire slag skift → Manuelt skift.

  3. Vel Sideskift.

  4. I boksen Sidestil vel du sidestilen som skal brukast på den sida som kjem etter eit manuelt sideskift.

  5. Trykk OK.

Laga ein sidestil basert på den gjeldande sida

Sidetal

Setja inn kapittelnamn og -nummer i ein topp- eller botntekst

Om topp- og botntekstar

Formatera topp- og botntekstar

Laga og endra standardmalar og tilpassa malar

Endra sideretning (liggjande eller ståande)

Endra sidebakgrunn