KJED.SAMAN.TEKST

Kjeder saman ein eller fleire strenger med skiljeteikn mellom kvart ledd.

tip

Denne funksjonen er tilgjengeleg sidan LibreOffice5.2


Syntaks

KJED.SAMAN.TEKST(skiljeteikn, hopp_over_tomme, streng1[, streng2][, …])

skiljeteikn er ein tekststreng eller eit område.

hopp_over_tomme er logisk SANN eller USANN, 1 eller 0. NÃ¥r denne er SANN, vert tomme strengar ignorerte.

streng1[, streng2][, …] er strengar eller referanse til celler eller område som inneheld tekst som skal kjedast saman.

Område vert sett inn rad for rad frå øvst til nedst.

Viss skiljeteikn er eit område, treng området ikkje ha same storleik som talet på strengar som skal koplast saman.

Viss det er fleire skiljeteikn enn strengar, vert ikkje alle skiljeteikna brukte.

Viss det er færre skiljeteikn enn strengar, vert skiljeteikna brukte om igjen frå byrjinga.

Eksempel

=KJED.SAMAN.TEKST(" ", SANN, "Her", "kjem", "sola") returnerer "Her kjem sola", med mellomrom som skiljeteikn. Tomme strengar vert oversette.

Viss A1:B2 inneheld "Her", "kjem", "sola", vil KJED.SAMAN.TEKST("-",SANN,A1:B2) returnere "Her-kjem-sola" med bindestrek som skiljeteikn. Tomme strengar vert oversette.